fredag 19. mai 2017

Fritt sykehusvalg - Informasjonskampanje starter 19.mai.

Praksisnytt har blitt bedt om å videreformidle informasjon om en informasjonskampansje som begynner i dag 19.mai.

Du kan lese mer om kampanjen under.

Oppdatert informasjon om ventetider finner man på: helsenorge.no/velg-behandlingssted
Man kan evt ringe: 800 50 005.




Informer pasienten om ventetider
Som fastlege er du pasienten sin viktigaste rådgivar ved val av behandlingsstad. Informer pasienten om at ventetidene kan variere og at pasienten sjølv kan velje kor tilvisinga skal sendast.

Når pasientar blir tilviste til sjukehus, har dei rett til å velje kor dei vil ha undersøking eller behandling. Pasienten kan velje mellom alle offentlege og fleire private behandlingsstader. For å ta gode val, er det nødvendig med relevant informasjon, særlig om ventetider. Her har du som fastlege ei viktig nøkkelrolle.

Informasjon for fastlegar
helsenorge.no/velg-behandlingssted kan du samanlikne ventetider, kvalitet og talet på utførte behandlingar ved dei ulike behandlingsstadene. Det er ein fordel å gjere dette allereie før du sender tilvisinga. Du kan også ringje direkte til ein pasientrådgivar: 800 50 005. Dei har god oversikt og kan gi nyttig informasjon i val av behandlingsstad for dine pasientar. Pasientrådgivarane har også oversikt over avtalespesialistar og ordninga Raskare tilbake.

Informasjon for pasientar
Om du ikkje har moglegheit til å sjå på ventetidene til dei ulike behandlingsstadene i saman med pasienten, er det viktig at du informerer pasienten om at han eller ho kan velje å få behandling på den staden dei er tilviste til, eller om tilvisinga skal sendast til ein annan stad som for eksempel har kortare ventetid etc.

Pasienten kan finne meir informasjon om ventetider på helsenorge.no/velg-behandlingssted. Eller dei kan ringje 800HELSE (800 43 573) og spør etter ein pasientrådgivar for å få individuelle råd. Pasientrådgivarane er sjukepleiarar med erfaring frå spesialisthelsetenesta. Dei kan gi informasjon om ventetider for utgreiing og behandling, om behandlingstilbodet i og utanfor pasienten sin helseregion og om pasientrettar.

Fritt behandlingsval kan gi din pasient raskare hjelp!
Les meir om det ansvaret du har som fastlege på Helsedirektoratet sin nettside: https://helsedirektoratet.no/fritt-behandlingsvalg/fastlegens-ansvar-i-fritt-behandlingsvalg

Informasjonskampanje for å auke kjennskapen
Det er mange som ikkje er klare over at dei kan få hjelp til å velje behandlingssted. Ei undersøking gjennomført av Epinion viser at berre 42 prosent av befolkninga i Norge kjenner til at dei kan gå inn på nettstaden ”Helsenorge.no/velg-behandlingssted” og få oversikt over kva offentlege sjukehus og private behandlingsstader dei har rett til å velje mellom, samt sjekke ventetider og få annan informasjon om dei ulike behandlingsstadene. Berre 14 prosent kjenner til at dei kan ringje 800 HELSE (800 43 573) og be om å få hjelp av ein pasientrådgivar.


Alle helseføretaka i landet køyrer derfor ein informasjonskampanje, i samarbeid med Helsedirektoratet, for å auke kjennskapen til ordninga Vel behandlingsstad og til pasientrådgivarane. 

Informasjonskampanjen vil vere i sosiale medium og startar 19. mai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.