tirsdag 29. april 2014

Ny nettlansering 28. april: No kan alle pasientar i Helse Vest sjekke timane sine på nett

I tre månader har fire pilotavdelingar i Helse Stavanger testa ut Vestlandspasienten - eit prosjekt som gjer at pasientar kan sjekke timane sine på nett. No følgjer alle føretaka etter. 28. april kan alle som er pasientar ved eit sjukehus i Helse Vest logge inn via www.vestlandspasienten.no

Av Tove Sæther Hagland, Helse Vest









Eit døme på korleis oversikta over timane ser ut på nett etter innlogging





På www.vestlandspasienten.no kan pasienten:

Sjå oversikt over dei fleste timane sine på nett (foreløpig visast ikkje alle røntgentimane, samt nokre få andre timar) 
Overføre timen direkte til personlig kalender 

I tillegg får pasientar ved nokre utvalde pilotavdelingar moglegheita til å bekrefte at dei kjem til timen, og sende elektronisk melding om dei har spørsmål eller ønskjer å endre tidspunkt. Alle som sender melding vil bli kontakta på telefon innan to arbeidsdagar. 

– Foreløpig har ikkje sjukehuset moglegheit til å sende elektronisk melding tilbake til pasienten, men dette er ei høgt prioritert oppgåve, og det jobbast på spreng for å få dette på plass til hausten 2014, forsikrar personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen, som er prosjekteigar for Alle møter-prosjektet. 

Håpar mange vil bruke løysinga – gi oss gjerne tilbakemelding!
Ho framheld også at sjølv om alle pasientar i Helse Vest no får tilgang til vestlandspasienten.no, så er dei fortsatt heilt i starten på kva dei ønskjer å tilby pasientar og pårørande.

– Vi tar steg for steg og ønskjer å vinne erfaringar før vi går vidare.  Derfor har vi pilotavdelingar. På sikt skal sjølvsagt alle få tilgang til alle funksjonane, seier Christiansen.

No håpar ho at pasientar vil ta i bruk Vestlandspasienten. 

– Vi har eit brukarpanel som vi jobbar tett med, og som har kome med mange gode innspel. No håper vi at fleire vil bruke løysinga. Det er utruleg viktig å få tilbakemeldingar frå pasientar og pårørande. Dei som har lyst til å komme med innspel, kan sende ein e-post til allemoter@helse-vest.no, fortset ho.

Dei som ikkje er så komfortable med å bruke nettet treng ikkje fortvile. Innkallingsbrevet kjem i posten til alle, akkurat som før, og det går fortsatt an å ringe til sjukehuset.

SMS-varsling og betre innkallingsbrev
Vestlandspasienten er ein del av det omfattande Alle møter-prosjektet i Helse Vest. Her jobbast det med fleire delprosjekt som skal betre kommunikasjonen med pasientane. Mellom anna blir det no testa ut sms-varsling til pasientar, ikkje berre rett før timen, men også samstundes med at innkallingsbrevet går i posten. Det er også satt i gong eit prosjekt for å gjere sjølve innkallingsbrevet betre og meir forståeleg.  

Oppfordrar pasientar til å møte til timen
Alle møter-prosjektet er eit svar på tal frå 2012 som viste at 82 000 pasientar i Helse Vest ikkje møtte til timen sin. I 2013 var talet 87 000. I tillegg var det 147 000 pasientar som ønskte å endre time - mange på kort varsel. Dette er ein del av årsaka til at poliklinikkane måtte planleggje på nytt for 480 000 pasientkontaktar i 2013.

– Vi oppfordrar pasientane våre til å møte til den timen dei får tildelt. Då vil ventetida gå ned. Men vi har for lengst innsett at vi må bli betre på tilgjengelegheit og kommunikasjon. Alt for mange har problem med å komme i kontakt med oss. Derfor sett vi no inn fleire tiltak for å betre dette. Vestlandspasienten er det største av desse tiltaka, seier Christiansen, som trur Vestlandspasienten vil vere eit godt verktøy for mange i en elles travel kvardag.


Pilotavdelingar i Helse Stavanger  
Hudavdelinga 
Ortopedisk avdeling (ikkje døgnpasientar eller dagkirurgi) 
Gastrokirurgisk avdeling 
Øyre-nase-hals avdelinga 
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Lassa 
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, Bryne (BUP Bryne) 
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, Madla (BUP Madla) 

Kva nytte får pasienten?  
Vestlandspasienten handlar først og fremst om å gje pasientar betre oversikt over timane sine og ein heilt ny måte å kommunisere med sjukehuset på, kor du ikkje lenger er avhengig av blant anna kontortid. På www.bloggivest.no kan du lese om Birthe Sivertsen frå brukarpanelet, og korleis ho ser for seg ein kvardag med Vestlandspasienten.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.